Har du lyst å vere med i Husflidslaget?Er du ei kreativ sjel som er interessert i handarbeid, eller andre typar handverk? Eller tykkjer du det er kjekt å berre møtast over ein kaffikopp og vere med på å skape litt aktivitet i Askvoll? Uansett: Vi inviterer deg til å bli medlem i Askvoll Husflid- og Handverklag. Laget vårt har medlemmar frå dei fleste bygdene i kommunen. Husflidsbua, som vi driv på dugnad, er allerede tre år til sommaren og her kan ein kjøpe ulike husflids- og handverksprodukt. Elles arrangerar vi julemarknad i november kvart år og strikkekafèar med jamne mellomrom.
Askvoll Husflid- og Handverklag skipar til årsmøte på Husflidsbua måndag 1. mars kl 18.30. Årsmøtesaker:
Medlemskontigenten er kr. 100 og må vere innbetalt innan årsmøtet for at du som medlem skal ha stemmerett. Kontonummeret vårt er: 3740 14 15069 i Sparebanken Sogn og Fjordane. Velkommen til årsmøte! Mvh Styret Annonse | |||||||||||