Flott turmålDet er eit godt gamalt uttrykk som heiter i “manns minne”. Dette kan vi nok bruke om vinteren i år. Vi har vel ikkje hatt det så kaldt i manns minne, så lite regn i manns minne, eller at snøen har lege så lenge på marka i eitt i manns minne… Mange er sikkert lei både vinter, snø og kulde, men det er likevel eit faktum at det gledar andre. Våren og tid for båtpuss kjem alltid, og vèret er det som kjent ingen som kan gjere noko med. Syte og klage kan ein ha som hobby, men egentleg er det bortkasta energi. Resultatet er som regel at ein får igjen akkurat det same sjølv, og helst i endå større doser enn det ein gav frå seg… Skisalet har eksplodert denne vinteren. Dei minste som knapt har visst kva snø har vore for noko, har fått herje på i bakkar og i løyper. Og faktisk fått høve til å lære seg å gå på ski. Det er fantastisk flott det arbeidet som har vore gjort mesd skiløyper i Rivedal. Dette er helsebringande. Det er sosialt, og det er triveleg. Klart at ungane likar dette. Men det viktigaste er kanskje at foreldra òg blir dregne ut… I mange høve er det dei som har mest bruk for mosjonen. Denne veka er det vinterferie for skulane. Eg var heldig og fekk meg ein fantastisk flott dag i går med katen min (legg ved nokre bilete). For dei som ynskjer å kome seg på ski litt opp i høgda, er det fint å gå på ski på nordsida av Stongfjorden. Området høver ypparleg for liten og stor. Det er oversikteleg og fint å ta seg fram. Her er det sol heile dagen, og meldingane er bra framover. Du startar på Yndestad og går berre opp skogsvegen her. Underteikna har merka godt heile vegen opp med vardar og stenger (stengene blir tekne ned etter påske). Toreheia, som er 717 moh og høgste fjellet på nordsida av fjorden, er med på fjelltrimmen denne sesongen. Om du ikkje ynskjer å gå heilt opp, er det likevel mange nydelege plassar og raste på lenger nede i lendet. God tur! Annonse | ||
Kommentarar
Fin artikkel, Gustav.
Kjekt med alle bileta. Dette må inspirere fleire til å
ta denne turen.
(På foto 5, 6 og 7 kunne det vere fint om du legg til nokre namn, øyar, bygder, fjordar og fjell, så lærer vi litt lokal geografi.)
Takk Asbjørn. Har sett på nokre namn no. Det var fornuftig…:-)
fine bilder!!!
Eg har skrive om mitt “vinterparadis”, men plutselig forsvant det ut i det blå….
elu