Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 9. juni 2011). Les mer om roperten…

Fylkestinget har godkjent Regional plan for vindkraft

Toreheia og Atløy er sett ned frå Stort konfliktpotensiale til Middels i tilknytning til den godkjende vindkraftplanen…

Planen kan du sjå her.

Planen som vart framlagt for Fylkesutvalet 25/5-10, godkjent og sendt ut til høyring med frist 1/10-10 ligg her.

Askvoll kommune sine vurderingar på planen her.

(Obs. planane tek litt tid å laste)

Tidlegare innlegg på sona her og her.

Vist 353 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Eit skite spel

For Askvoll kommune sin del er det mange til dels sensasjonelle ting å legge merke til med den godkjende planen. Eit par vurderingar vil eg kalle ein skandale!

Faktum er at den godkjende planen på fleire områder er verre enn den planen som låg ute til høyring 25/5. Det mest oppsiktsvekkande er at Toreheia og Atløyna er flytta ned frå Stort konfliktpotensiale til Middels. Dette har Fylkesutvalet fått til ved å sette Landskapsverdiane og Friluftsverdiane til 1 – eg gjentek 1 (!) – det lægste på skalaen. Justert ned mykje i forhold til første planen, og sett ned i høve til Askvoll kommune sine eigne vurderingar! Toreheia og Atløyna får faktisk dårlegast karakter av alle fjellområda i kommunen når det gjeld desse to punkta. Og grunnen er jo åpenbar – dei scorar så høgt på dei andre punkta som er vektlagde at fjella ville bli uaktuelle som utbyggjingsalternativ hvis dei fekk sin reelle verdi for Landskap og Friluftsliv!

Halvparten av fjellområda våre får forøvrig karakteren 1 som verdi for Friluftsliv… og ingen får betre enn 3!!

Dette kan ikkje kallast for noko anna enn ei overkøyring av lokaldemokratiet. Og ei totalt manglande vurderingsevne i forhold til områda det her er snakk om (nemner i forbifarten stiar i Kystarven). Det vitnar dessutan om lite respekt for oss som bur og lever ved kysten og brukar desse områda dagleg. Ja, det er ikkje mindre enn ein provokasjon!

Eksempla viser heilt klårt at Fylkesutvalet og Fylkestinget spelar på lag med kraftselskapa for å byggje ut kysten med nye industriområde for vindturbinar. Koste kva det koste vil! Tingrepresentantane seier med andre ord til kraftselskapa at Toreheia og Atløyna har null verdi som landskaps- og friluftsområde. For det er jo det dei har sagt ja til….!

Kva slags bakgrunnsmateriale som ligg til grunn for at Toreheia og Atløyna vart nedjustert, kunne vere interessant å få på bordet. Faktum er nok at Vindkraftforum og energiselskapa har ein skjult agenda. Ein agenda som heilt klart blir lettare å få gjennomført når dei samla verdiane er nedjusterte.

Dei som røysta for planen i Fylkesutvalet var Nils R. Sandal (verv i Vindkraftforum), Jenny Følling (styremedlem i Sunnfjord Energi), Åshild Kjelsnes (vara til styret i Sogn og Fjordane Energi), Harry Mowatt (styreleiar i Sunnfjord Energi), Mathias Råheim (i styret for Sogn og Fjordane Energi) og Frank Willy Djuvik (trekte seg frå styret i Sunnfjord Energi).

Som vi veit er vår eigen ordførar Aud Kari Steinsland vald inn i styret for Vindkraftforum. Kva lobbyverksemd som har føregått i tidsrommet frå den første planen som Fylkesutvalet godkjende 25/5-10 og la ut på høyring, og til den endelege planen som no vart godkjend, er ikkje vanskeleg å skjøne! 2+2 er framleis 4. Også i barnehagen…

Det er på tide at nokon røskar opp i dette rotne systemet….! For det er ikkje på eit slikt grunnlag framtida vår skal byggjast…! Valurnene bør verkeleg skjelve til hausten….!

Nokre haust/vinter-bilder av landskaps- og turverdiane på Toreheia. Atløyna viser på fleire bilder framfor Alden.

Biletserie med 27 bilete — bla med å trykkje på pilene
Annonse

Nye bilder