Etterlysing.....Hallo godtfolk i Askvoll og nærliggande sokn. Eg syner til ei noko dramatisk overskrift av den enkle grunn at no står eg i beit for løysingar. Ingen er bortkomen eller på annan måte ikkje der dei skal være, men eg er altså på ei autofil jakt som med tradisjonelle metodar har synt seg resultatlaus. Eg søker i utgangspunktet ein delebil av typen Datsun 720 pickup. For nokon også kjent son Nissan KingCab. Rust og skråmer, skilt eller ikkje har inga betydning då det er drivverk som er det viktige, fortrinnsvis ei girkasse til diesel. Om ein sit på annan pickup av japansk opphav frå tida opptil 1985 er det av interesse so lenge den startar. Synfaring og henting vert ordna, og sjølvsagt kontant i neven. Eysteinn Udberg, Florø
Vist 319 gonger. Følgt av 6 personar. | ||
Kommentarar
Denne er billig, berre 10 kroner! Kan denne brukast Eystein?
Ser ut som levningar frå gruvene i Grimelia… Dinna hadde gjort seg, men det spørs om ikkje det hadde blitt årets snakkis hos biltilsynet hadde vi troppa opp med det der under “huven” :-) Ka det è for nokke egentlig? Beltedings med motor?
Du ser vel ka dette er,Eystein.HaHa
Eystein, du ser vel at denne grev seg sidelengs! Kan ikkje dukke opp hos Biltilsynet med en potetplukkar vel? Mykje gode deler her veit du, førkrigsmodell dette, – godt stål og girkasse i lettmetall!
Da è greitt! Men, no har det seg jo sånn at sia pickupen som vi evnt kunne ha henta dinna med, då altså è den samme som vi trenge girkasse til…. È det då slik å forstå at vi è komen i ein vond sirkel?
Prøv å rygg eit lite stykkje. Ein anna ting, hakje han på florøynene ei girkasse i tølene sine ska tru. Han har no so mykje rart han.
Der kom du rett i stromens auge Sveinung! Det er nemleg tannhjulet til reversen og et lager som har tatt kvelden i girkassa, so rygging kan kun foregå med manuell kraft eller tyngdelov. Lager er råd å skaffe, men tannhjulet er meir sjeldent enn mobildekning på Midtbø. No har han på Florøynene har mykje i tølene, men den guten veit kva han har, og hadde nok vore kjapp med å donere girkassa berre for husfredens skyld, hehe.
Ha ei triveleg helg.
Trur vi kjøper denne DONINJEN/SKAPNINJEN ,Eystein ,kr 10 står vi i,der er et godt tannhjul rett bak spakane til venstre for dei.Trur vi skal få han heim i Kiaen.Kan vere kjekt og ha i heimen denne saken, ilag med alt det andre .Her er vi nokk komt i ein god sirkel
Tannhjul skal vi klare og ordne,men det vert so møle og få dei heim,et er til fjells og so fann Gunnhild et ned med sjøen,men so var der størrelsen då ?Obs det skal vist vere bilde av tannhjul av utstyr som er nede i gruvene i Grimelia på Origo,men dei er vist laga av trævirkre
Pytt sann, – gløym heile “racergiret”, det er berre borte i Stubseidsvingane du treng det, Eystein! – og der er jo litt tyngdekraft og, uansett retning! Hmm,- har denne Datsunèn gått her i Askvoll før sidan reversen er øyda?
Datsunen har levd livet i Solund, so en kan jo tenkje seg utifrå vegstandard at reversen è trøtt itte alle desse åra. Trur tannhjula som gamletrollet har illustrert med, kjem til å ha innverknad for utvekslinga på kassa…. Mulig vi lyt te med potetplukkaren på planet for å drifte greiene. Blir nesten so å finne opp hjulet på nytt :-)
Z – antall?
- eller hjelpemotor?
-mangler “berre” et svinghjul denne!
Berre snakk me gamletrollet. Han sende bånnebånna på skattejakt/svinghjuljakt i slagghaugane åvai Dagen :-)
Håpar inderleg dette får ein lukkeleg utgang !!
Eg føl med i spenning…:-))
Ha ein fin dag!
Jau det skal bli artig å sjå om denne “kloningen” av en Datsun vert i “reverserbar” stand og kjem på hjul, ja! Ser at fjalerfolket tviheld på girkasser og tannhjula sine uten en lyd, ja. Men vi får hjelpe til med å leite litt meir, ja.
Kanskje dette??
http://bil.autodb.no/autodb/search.wa2?Limit=20;ListOrder=xYearModel%20DESC;Offset=200;Price_Max=10000;Price_Min=3000;Status=Active;Type=hmaAuto;cmd=results;xFuelType_Split=%3A1002002;xYearModelMax=2005#AdItemId1247334
Gubbevaremegvel.
Takk for link Tore Kjosaas, men denne har vi vore innom opptil fleire gonger. Håpet er jo å sleppe å reise så langt avgårde, og om denne fyren skulle ha en girkasse, ville frakten bli vel so mykje som sjølve kassa kosta. Vi vurderar å kjøyre ned og hente, men som sagt, vi vil unngå ørten tima kjøyring og kostnader.
Korleis ser det ut dette datsundreversgirkassetannhjulet ditt Eysteinn? Der er no en yrkesskule der borte i Florø som burde vere behjelpelig med å lage et tannhjul, eller?? – eller har dei kassert alle maskinene sine?
Dersom det er eit tannhjul det er snakk om, går det heilt sikkert å få laga. som mottoet mitt seier: “Ingenting er umogleg, det tek berre litt lengre tid”.
Eg får laga ymse deler i Bygstad hos Yndestad Mekaniske. Reknar det som ganske sikkert at dei kan få laga eit til deg. Dei har nokre maskiner og folk som skjærer ut både tannhjulprofiler og kva det skal vere.
Som sagt nyttar eg dei fast, og dei lagar det meste.
Håpar dette kan hjelpe.