Full gass for Atløysambandet!!!!

Det har vert sagt no “på bygda” at det er snakk om eit møte som skal vere på fylket no i månadsskiftet nov/des, der atløysambandet kan vere oppe? Dersom dette stemmer, er dette noko som absolutt bør markedsførast og markerast.
Det har vert skrive lite om framdrifta, og kva som er stoda og eventuelle hindringar for å kunne få bru realisert. Er ikkje dette ei sak som bør opp og fram i lyset??
Kva meiner politikarane, og folkevalde i kommunen?
Fastlandssamband med Atløyna vil og verte med å styrke Askvoll som kommune på fleire område. Sjølvsagt vil det kunne verte fleire som vil busetje seg på øyna, grunna ferja forsvinn, jo fleire innbyggjarar dess meir skatteinntekter, enklare med turnusarbeid (kveld/natt) og arbeidstider. Kortare ferjeavstand til Værlandet, med mogleg oftare avganger, godt positivt for dei.

No må vi få mykje blest om dette sambandet, gjerne med markeringar og andre ablegøyer, for å få merksemd på fordelane med bru.
Få fram forslag om korleis ein kan oppnå dette.
Og igjen Politikarar, kom på bana og ikkje sit og hald stilt, og vere redde for å bruke mandatet som er gjeve dykk ved kommuneval. Det er ein grunn til at nettopp dykk er i kommunestyret og/eller på fylkestinget.

Vist 357 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Ja, tenk om det no blir fart i arbeidet med å få Atløya landfast. Kan hende vedtaket kjem den dagen polet vert åpna ?

Kjekt med respons!

Korleis stiller politikarane seg? Er dei klare til å vere med å presse prosjektet fram når siste tallknekking er klar? Hadde vert flott å få deira sysnpunkt og meiningar om dette, i og med at det gangar mykje.
Skulle ynskje dei vakna!!

Sjå gjerne også på tråd og kommentarar på atløysona. Mykje bra der.

Som Aril Olset kom med, så held statens vegvesen på med nytt kostnadsoverslag for sambandet. Vert spennande å sjå.

Ein skulle fått engasjert media meir, i samband med å kunne vise korleis ferjeavløysingsmidlane kan nyttast her, slik som Herland føresleg. Kansje politikarane kunnne vere med å fronte saka då, når media er involverte. Media si makt er stor, sjølv for folkevalde.
Uansett vil dette gagne godt for kommunen, spesielt Atløyna, Askvoll og Værlandet/Bulandet.

I Vedtatt handlingsprogram står det følgende:

“Atløysambandet omfattar ferjefritt samband frå Atløy til fastlandet. Hovudplan for prosjektet
vart godkjent i 1992. Denne er ikkje lenger aktuell, mellom anna på grunn av nye krav til stigning
i tunnel. Det kan ikkje byggast bru utan at det vert gjeve dispensasjon frå ”Forskrift om vern av
Prestøy naturreservat”. Det vil vera naudsynt å lage kommunedelplan med konsekvensugreiing (KU) for tiltaket. Dei siste par åra har det vorte arbeidd lokalt for å finna finansiering av prosjektet. Så langt har det ikkje lukkast.
Det skal settast i gang eit arbeid for å oppdatere kostnadskalkylane for bygging av sambandet, samt vurdere ulike finansieringsløysingar.”

Atløysambandet har alltid stått på den uprioriterte marginallisten, sammen med opprusting av Fv. 57 fra Storehaug via bro over Svesundet i Bygstad og sørover, bro mellom indre og ytre Sula, Ringstad – Stongfjorden og Vik – Voss. Over disse har prosjektene i prioritert rekkefølge vært Bremanger II, Dalsfjordsambandet, Olden – Innvik og Grodås – Møre grense.
Om vi nå er “heldige” og får E39 under Utvikfjellet, vil finansieringen av Olden – Innvik bli statlig. Det vil styrke Atløysambandet minst like mye som Dalsfjordbrua i seg selv vil styrke Atløysambandet.
Dessverre er det et stort prosjekt i ny vei fra Kviven og nordover mot Hellesylt, så det kan marginalisere sjansene til Atløysambandet med det første.
Ringstad – Stongfjorden vil nok aldri komme, da kystvegen fra Bergen til Ålesund vil medføre opprustningen av Fv57, og man vil trenge en tunnel fra ca. Holmedal til Flokenes for å utnytte nettopp kystvegen fra Fv57 mot Florø.
Det er viktig å kunne se infrastrukturen her i fylket samlet, da vil man bedre kunne se hvilke prosjekter man må heie med på for å få igjennom egne behov.
Nå som Dalsfjordbrua er på vei, er kystvegen en viktig prioritering sammen med E39 under Utvikfjellet. Da vil vi raskere kunne få på plass Atløysambandet og opprustning av Fv57 fra Dale og sørover, men også fra Dale om Bygstad og inn til Førde. Kystvegen vil medføre ny forbindelse nordover mot Florø, men det vil gå på bekostning av Stongfjorden – om ikke noen greier å få på plass en løsning med avstikker innom Stongfjorden fra Holmedal til Flokenes.

Var nettopp på ein jobb på Sandøyna i Gulen, som nettopp har fått fastlandsforbindelse. Vi budde i ei rorbu på Byrknesøy, og måtte dermed over 3 bruer mellom jobb og bustad. Jammen snautt med bruforbindelser, fordi alt vert so mykje enklare då.
Håpar det vert slik til Atløyna også. Vi må bare kjempe på.

Vert litt mykje ein-vegs komunikasjon, og oversvømming av sona “tekst og bilete til firda”. Er det ikkje lov å komme med eit forslag om at dykk opprettar ei eiga sone, eller vert det då for lite merksemd??

Her kjem nytt om sambandet : Atløysambandet

Annonse

Nye bilder