

Utsikt frå Moldura i Askvoll 11.11.11 mot Alden og Atløy. Sistnemnde er i Regional plan for vindkraft, ratifisert av fylkestinget 8.juni 2011, klassifisert til å ha lite konfliktpotensiale knytt til landskap og friluftsliv… Foto G.Skaar
Er du ein av dei som ser positivt på at kystnaturen vår blir skapt om til store industriområde for vindturbinar? Ta iallefall ein kik på lista eg har sett opp om aktuelle problemstillingar og fakta ikring desse utbyggingane.
Vindturbinar
• På grunn av den svært kompliserte konstruksjonen i ein moderne vindturbin, får ein ikkje sjeldan havari på utstyr. Og då har det ofte vist seg at det er den mest kostbare delene som havarerer, nemleg girkassa som utgjer ein vital del av anlegget. Girkassa på ein turbin på 2 MW har ei vekt på ca 20 Tonn og står plassert minst 100 meter oppe i lufta. På ei 5 MW turbin veg den same delen heile 60 Tonn. Total vekt for heile konstruksjonen inkludert betongfundament, kan kome opp i 260 Tonn på ein 2 MW turbin.
• Eit girhavari har så store økonomiske konsekvensar for ein vindturbin, at det tek 7 års kraftproduksjon og tene den inn igjen.
• Dagens turbinar har ei navhøgde (tårn) på 70-100 meter og ein rotordiameter på 80-110 meter – totalhøgda er frå 150-210 meter. Neste generasjon møller er sagt å vere ca 250 meter høge med endå større rotordiameter. Dagens fart på rotorblada ved tuppen er ca 200 km/t. Skjemmande i sårt kystlandskap.
• Kastar is med stor kraft frå rotorane ved spesielle vertilhøve: Risiko ved å ferdast i utbyggingsområdet
• Lysmerking av turbinar er sjenerande
• Bør ikkje setjast opp nær busetnad
• Bør ikkje kome i konflikt med kulturminner
• Bør ikkje kome i konflikt med friluftsinteresser
• Bør ikkje plasserast nær anna næringsverksemd – i denne samanhang: les: turisme
• Avvikling av anlegg etter 20-25 år. (Dei fleste tekniske komponentar har denne levetida)
• Alle andre inngrep enn sjølve turbinen er irreversible
• Produksjon av vindturbinar genererer store mengder CO2 utslepp, Nox, SO2, bly, kvikksølv og Zink
• Jordforsk skriv i brev til NVE 10.11.05 at anlegg av vegar og andre installasjonar i høve vindkraftanlegg i myrområde vil føre til seinking av grunnvatn og endra karbonbalanse, raskare nedbryting og store utslepp av CO2. Tap av vegetasjon som bind CO2 vil generere auka klimagassar. Sidan myrane er den type vegetasjon som mest effektivt lagrar karbon, er ei nedbryting av myr alvorleg i klimasamanheng. Det er difor feil å påstå at vindkraft gir fornybar energi utan utslepp av klimagassar.
Busetnad
• Utbyggar vil aldri tilby ein avtale som er gunstig for grunneigar og dermed ugunstig for seg sjølve. Då er utbygginga ikkje interessant. Deira interesse for å byggje ut vil stå i direkte konflikt med grunneigarinteresser.
• Kan ein pengekompensasjon forsvare å gje avkall på området for ettertida?
• Fleire forskarar meiner det kan vere samanheng med elektromagnetiske felt frå kraftliner og kreft på menneske. Det må lagast nye 132 kv kraftliner som mange gonger råkar busetnader.
• Mange bustader vil ligge innafor ei støygrense som er spesielt plagsam om natta. Svenske styresmakter har tilrådd ein sikringsavstand på 700 meter og ei støygrense på 40 DB
• Det er uakseptabelt å utsette fastbuande for støy som er plagsomt
Ein kan risikere at investeringar stopper opp, fråflyttinga vil auke, verdien på eigedomane vil verte redusert
• (undersøkingar i Danmark viser 25 – 30 % nedgang i bustadprisar)
Ureining
• Anleggsarbeid med sprenging, masseforflytting, massedeponering og etablering av
vegar og interne vegar kan forureine brønnar med knust fjell, stein, sand,
humus, finmateriale av betong
• Restar av sprengstoff og nitrøse forbindelsar kan medføre auka nitrogentilførsel til nedstrøms område.
• Akutte forgiftingar av planter, dyr og fuglar i området
• Bygging av turbinar krev miljøskadelege gifter som injeksjonskjemikaliar og betongherdarar. Desse er giftige for dyr, fuglar og planter
• Søl av drivstoff, oljer og anna farleg avfall vil kunne forureine både vassdrag, jordsmonn
• Sanitæravløp frå brakkeriggar kan medføre bakteriell ureining av nedstrøms vatn til brønnar
• Ureining knytt til anleggsfasen: Forskalingsmateriale, avkapp trevirke servicebygg, kabeltromlar. Trekassar, lastepallar, papp og papir, emballasje, avkapp av armeringsjern, avkapp av kabel, restavfall, kantineavfall, spillolje, transformatorolje, kjølevæske, maling, kjemikalierestar, batteri
• Iflg. AMBIO Miljørådgjeving er det knytt ca 155 tonn avfall knytt til ei utbygging av 42 vindturbinar.
• Ureining knytt til drift: Avfall frå servicebygg knytt til transformatorstasjon, emballasjeavfall i forbindelse med vedlikehald og service på transformatorstasjon, farleg avfall frå vedlikehald og service på turbinar og farleg avfall og service på transformatorstasjon som spillolje, oljefilter etc..
• I sårbare kystområde er ureining ein viktig faktor som er lite vektlagd.
Arbeidsplassar
• Få arbeidsplassar. Ein del i anleggsperioden
• Vindturbinar er nærast vedlikehaldsfrie (utanom havari) inntil 20 års levetid
• Styring og overvaking av produksjon og drift er integrert i sentrale driftssentralar
• Vindturbinane har automatikk som startar, stoppar og regulerer seg sjølve.
• Entreprenørverksemda er ”sentralisert”. Kompetansen på vindkraftutbyggingar er ikkje lokalt forankra.
• Turbinane blir fjernstyrt frå eksisterande driftssentralar
• Norske leveransar vil utgjere om lag 20% av investeringskostnadene.
• Pårekna noko positiv effekt på overnattingsbransjen/restaurantsbransjen i utbyggingsfasen.
• Avgrensa økonomiske ringverknader for annen verksemd (Langevåg vindturbinpark)
Naturkvalitetar
• Områder for vindturbinar er ofte klassifiserte som område med spesielle naturverdiar (EDNA) m.a. edellauvskog og kystlynghei. Purpurlynghei, tørrhei og rikhei er sterkt trua på landsbasis.
• Sørboreale vegetasjonssoner strekkjer seg ofte opp i kystområda våre.
• Vindkraftutbyggingar bryt ofte inn i urørt natur og inngrepsfrie område der det kan vere fleire kilometer til nærmaste tyngre tekniske installasjonar – såkalla INON – klassifisert frå Direktoratet for Naturforvaltning. Det er få inngrepsfrie område igjen i Norge som går frå fjord til fjell.
• Inngrepsfrie naturområde aukar opplevingsverdien for det enkle friluftslivet.
• Vi har ansvar i den globale dugnaden for å sikre jorda sine naturrikdommar. Vi må ta vare på dei siste restane av urørt natur. Naturvern er å ta vare på mangfaldet i naturen
• Stilla er ein svært verdfull kvalitet. Blir øydelagt av støy av turbinar og anleggstrafikk
• Områda er ofte klassifiserte som FRIDA – friluftsområde av fylkesmannen
Turisme
• Satsing på framtidig turisme i turbinområde må vektleggast og oppmuntrast. Folk som satsar på ærleg arbeid og utkome av dette må prioriterast. Ein kan ikkje øydeleggje framtidig næringsgrunnlag for folk som vel å satse på turisme.
• Natur- og kulturlandskap på kysten har oftast heilt spesielle kvalitetar og det er grunn til å tru at dette har innverknad for auka tilstrøyming av turistar med åra.
• Vindkraftutbygging har store negative innverknader på reiselivnæringa på sikt
• All praksis viser at når eit område er utbygt vert det mindre nytta. Folk vil ha urørt natur, stilla og ro. Ikkje anleggstrafikk og rasert natur.
• Visuelle influenssoner er ofte 360 grader frå turbinområde på kysten
• Den visuelle dominanssone er ofte utprega frå sjøsida
• Den visuelle dominanssona vil gjelde endå sterkare for innsegling til fjordar og vidare inn fjordane.
Forsterka av –
1. Stort tal turbinar
2. Stort tal turbinar i innsynsretninga
3. Naturleg innsyn til parken
4. Turbinar plassert i ein dominerande posisjon (høgdetoppar)
5. Skuggekasteffekt
6. Oppstillingsmønster
• Kystlandskap har svært stor symbolverdi
• Kysten har med sitt landskap, naturmiljø, historie og kulturmiljø stor opplevingskvalitet
• Opplevingsverdi vert øydelagt
• Brukarar/turistar kan unngå å legge turar til ubyggingsområdet like mykje ut frå vissheita at området er eit utbyggingsområde utan konkret innsyn
• Influensområde langt utanom det som visuelt blir påverka
• Avbøtande tiltak er uinteressante då inngrep allereie har skjedd
• Rekrutteringspotensiale til friluftsliv kan bli redusert
Biologisk mangfald
• Stanse tapet av norsk naturmangfold innan 2010 og legge fram et forslag til ny Naturmangfoldlov (Soria Moria erklæringa.
• I St.meld. nr 58 (1996-97), ”Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling”, heiter det at ”sektorene og kommunene må så langt som mulig unngå ytterligere inngrep i de gjenvererende, sammenhengende urørte naturområdene.
• Skal vi ta vare på ein art, er det ein grunnleggande regel at vi må sikre leveområdet for arten. Det same gjeld om vi skal få med oss genetiske variantar av den same arten inn i framtida. Utan å ta vare på den store variasjonsbreidda, kan vi ikkje sikre den biologiske rikdommen..
• Bevisbyrden i omstridde miljøspørsmål skal påligge tiltakshavar og eventuell fagleg tvil skal komme naturmiljøet til gode
Landskap
• Kvar turbin med oppstillinngsplass vil okkupere opptil 1500 kvadratmeter
• I tillegg til grunn som direkte blir råka av tekniske anlegg vil det vere nødvendig å klausulere all grunn innanfor 10 kvadratkilometer. Klausuleringa vil innebere at det ikkje er tillete tiltak som kan vere til hinder for bygging og drift av parken, inkludert aktivitetar eller tiltak som kan avgrense kraftproduksjonen
• Ny 132 kv kraftlinje. Lengde? Som vedkjem x – antal eigedommar?
• Langs trassè for luftleidning vil det vere eit byggje- og skogryddingsbelte på 29 meter.
• Langs jordkabel 3 meter
• Romleg klart landskap er viktig
• Vanleg å rekne 10-12 km i radius frå turbinane som influensområde
• Store inngrep ved vegbygging og nye kraftleidningar i gamalt kulturlandskap.
• Bygging av transformatorstasjon
• Bygging av montasjeplass (ca 100 kvadratmeter?) til kvar turbin
• Oppføring av transformatorstasjon/servicebygg på ca 400 kvadratmeter? Med servicedel ca 200 kvadratmeter (kontrollrom, verkstadlager, garasje, opphaldsrom, garderobar med sanitæranlegg)
• Opparbeiding av gardsplass for tilkomst, transport og leveransar til anlegg. Inkludert parkeringsplass
• Inngrep for vassforsyning, avløp frå sanitæranlegg og infiltrasjonsgrøft for grått vatn
• Oppsetting av meterologimast på minst same høgde som turbinar
• Opparbeiding av omlastingsplassar i terrenget nær tilkomstveg ved bygging av kraftleidningar
• Eldre kulturlandskap og kulturmarkstypar er i dag sterkt pressa og i ferd med å forsvinne frå omgjevnadane våre pga. attgroing og omfattande utbyggingar. Vi er i ferd med å misse viktige referanseområde og kulturhistorisk dokumentasjonsmateriale for ettertida.
• Kvalitet på opplevingsinnhald og det estetiske aspekt blir forstyrra av refleks, støy og skuggar av turbinar, leidningar og master
• Dei ruvande dimensjonane av turbinane gjer dei synlege over lange avstandar, jmfr. turisttrafikken langs leiene og verna øy – reservat i vest. Også for turisme og friluftsinteresser lenger aust vil ofte landskapssilhuettane bli øydelagde
• Fragmentering av kystlandskap spesielt ved vegbyggingar
• Tilkomstvegar må byggjast på minimum 5,5meter breidde i tillegg kjem grøfter, fyllingar og skjeringar. Tilleggsareal ved knappe svingar
• Deponering av lausmassar i tilknyting til tilkomstvegar og vegar mellom turbinane
• Lysmerking av vindturbinar vil bli eit dominerande blikkfang nattetid
• Innflygingskorridor til flyplassen til Florø vil krevje fast belysning?
• Visuelle influensområde er ofte ikkje råka av tyngre tekniske inngrep
• Ope kystlandskap har stor vitalitet og tidsdjupne
• Tekniske inngrep vil redusere områda sin visuelle verdi som urørte
• I vurdering av dei landskapsmessige konsekvensar inngår også ein kognitiv dimensjon, korleis historia i landskapet blir oppfatta av folk flest. Dette er i tråd med den europeiskelandskapskonvensjonen sin definisjon av landskap.
• Vindturbinanlegg må ikkje byggjast i store samanhangande INON område eller i INON område som går ubrote frå fjord til fjell
• Noreg har ratifisert den europeiske landskapskonvensjonen som er gjeldande frå mars 2004. Her heiter det at partane forpliktar seg m.a. til «å foreta ein vurdering av landskap der det tas hensyn til den særlige verdi interesserte parter og den berørte befolkning tillegger den» artikkel Cb.
• Vedrørande vindkraftverk plassert på myr med ei djupne på ukjent tal meter : Storparten av myr er svært våt, noko som medfører at utbyggar må foreta store masseutfyllingar av områda for vegar, turbinfundament og oppstillingsplassar. På grunn av fundamentering av turbinar (på lausmassar) er det overhengande fare for at aurheller vert punktert og at området får endra vassbalanse. Dette kan medføre ein total endring av floraen i området og auka fare for flom.
Dyreliv
• Anleggstrafikk vil påverke trekkruter for hjort og anna vilt sommar og vinterstid. I anleggsperioden vil hjort finne andre trekkruter.
• Dyr på utmarsbeite vil bli forstyrra i anleggsperioden.
• Dyr vil bli forstyrra ved trafikk og ferdsel i driftsperioden
• Beslag av fjellbeite for sau?
• Arealbeslag/arealinngrep (direkte nedbygde areal, erosjonseffektar)
• Drenering/oppdemmingar
• Endringar av mikroklima som følgje av masseforflyttingar
Fugleliv
• Dokumentert at vindturbinar tek livet av havørn. Jmfr. kva som har skjedd på Smøla der mesteparten av havørn-populasjonen er utrydda som følgje av kollisjon med rotorane.
• Havørn er raudlista som hensynskrevjande der Norge har ei spesielt forvaltaransvar (Norge har 45% av den europeiske populasjonen)
• Spesielt ungfugl er utsette
• Influensområde på 2 km for stadbundne rovfuglar innan området
• Rovfuglar som havørn, tårnfalk og fjellvåk frå nærliggande område streifar på jakt
• Rovfuglar har vist seg å vere spesielt sensitive for støy og andre forstyrrelsar i hekketida
• Amerikanske styresmakter har føreslått ei buffersone opp mot 4,8 km for bygningar og konstruksjonar rund område med hekkande rovfuglartar
• Kollisjon også med nye kraftleidningar. Amerikanske studiar viser at kraftlinjer er hyppigaste dødsårsaka hjå rovfuglar. Undersøkingar i Spania underbyggjer dette
• Ender og vadarar som held til langs kysten og innover er spesielt utsette for kollisjonar både på sjølve turbinane og kraftleidningane då dei flyg mykje i skumring og grålysning
• Habitattap for havørn og andre fuglar som heipiplerke, lirrype, steinskvett, heilo, fjellvåk, tårnfalk etc
• Tårn manglar aerodynamisk utforming og skaper vibrasjon som forplantar seg i bakken, dermed forsvinner mikrobiologisk liv og innsektliv i fleire kilometers omkrets, bla blir meitemark borte
• Landvindmølleparker endrer adferd hos lokale dyrearter, det har en tendens til å skape en biologisk ørken i stor sone rundt slike anlegg.
• Forstyrrelseseffekt på hekking i området
• Trekkfuglar i tusental har trekkorridor ved kysten
• Det er inngått bilateral overeinskomst med Skottland om vern om og forvaltning av Svalbardbestanden av kvitkinngås. Kvitkinngjess er freda.
• Bonnkonvensjonen (CMS) har i tillegg til internasjonalt samarbeid om vern av trekkande artar og enkeltbestandar av slike, også eit hovedfokus på trua artar og utvikling av aksjonsplanar for desse artane. Gjennom den regionale vassfuglavtalen er følgjande artar omfatta av aksjonsplaner: Stellerand, dverggås, lappfiskand og Svalbardbestanden av hvitkinngås og ringgås.
• Bonnkonvensjonen skal sikre at m.a fuglar på liste 1 skal sikrast sine leveområde. Havørn er oppført på denne lista
• Norge har ratifisert to regionale avtalar under Bernkonvensjonen, begge relevante for Staveneset vindturbinanlegg. Vassfuglavtalen tek sikte på å skape eit juridisk grunnlag for ein felles verne og forvaltningspolitikk i landa for trekkande vassfugl
• Bernkonvensjonen forpliktar Norge til eit strengt vern av trua artar oppført på liste 2.
Kvitkinngås er oppført her
• Vindkraftanlegg må ikkje lokaliserast i område der artar på Bernkonvensjonen si liste 1 og Bernkonvensjonen si liste 2 førekjem
Kulturminne
• Områder blir oppstykka/fragmentert sjølv om kulturminne ikkje blir direkte råka
• Kulturminner og kulturmiljø innanfor og i nærleik til vindkraftanlegg vil visuelt bli totalt dominert av vindkraftanlegget
• Kulturminne og kulturmiljø er viktige deler av samfunnet sin kollektive hukommelse, og kulturarven kan bidra med kunnskap, forteljingar og opplevingar som kan ha tyding for identitet, sjølvforståing, sjølvutvikling og trivsel for enkeltmenneske og for grupper.
• Framtidig bruk av natur, kulturminner og historie i pedagogiske samanhengar, musealt arbeid osv.
• Historiske landskap bør ikkje vere dominert av markante og storskala moderne inngrep – Riksantikvaren
• Kulturminne blir påverka direkte/indirekte ved mølleplassering, adkomstveg, internvegar, tilknytingspunkt for kraftlinje
• Kulturminne og kulturmiljø blir liggjande i eit landskap som er vesentleg endra i forhold til då kulturminnet var i bruk.
Friluftsinteresser
• Rekrutteringspotensiale til friluftsliv blir redusert ved ein utbygging
• Sterke friluftsinteresser knytt til kystområde for hyttefolk, turistar og fastbuande
• Merka stiar
• Fragmentering av friluftsområde
• Ein byggjer barrierar i friluftsområde
Skuggekast
o Turbinane vil i visse høve stå i posisjon mellom sola og den som ser på og rotorane vil kaste ein rørleg skugge med repeterande mønster som blir projisert mot betraktningsstaden
o Den sveipande skuggen er godt synbar på flat mark, lyngmark og rabbar. Men også på vindauge, veggar og havoverflate.
o Ingen maksimalgrenser for skuggekastbelastningar (Danmark 10 timar pr år)
o Skuggekastmottakar er utsette opptil 2 km frå aktuell turbin
o Skuggekastmotakarar på friluftsområde austover mesteparten av året og spesielt morgon og kveld
o Ingen skjermande vegetasjon i områder utanom koller og fjellrabbar
Refleksblink
o Rotorblad blir produsert med blank overflate for å produsere optimalt og for at skit ikkje skal feste seg. Refleksfrie blad finst ikkje.
o Refleksblink vil nå over lange avstandar. ”Lysorgel” om natta då turbinane må merkast med blinkande lys.
o Konflikt med luftfarten
o Konflikt med forsvaret
Støy
o Støy i anleggsfasen av tyngre køyretøy og anleggsmaskiner
o Støy frå helikopter i anleggsfasen
o Støy frå sprengingar
o Støy frå transformatorstasjon
o Pulserande støy som kjem frå turbinane vert opplevd som meir sjenerande enn vanleg støy
o Mekanisk støy frå roterande deler i gir og generator
o Aerodynamisk støy når luft passerer i bakkant av rotorblad. Luft og dermed lyd blir pressa ned mot bakken i bakkant av turbinane. Vindstyrken og lyden aukar med antal høgdemeter.
o Støy kan variere frå fabrikant til fabrikant, men fellestrekk er at den over tid aukar pga slitasje
Strandsone
• Bygging av nye djupsvasskaier med ny tilkomstveg er eit framandelement
• Stanse nedbygginga av strandsona (Soria Moria Erklæringa).
• Nasjonale styresmakter har dei siste åra hatt eit særleg fokus på forvalting av strandsona, som sidan 1965 har hatt eit lovfesta vern gjennom byggje- og deleforbodet i 100-metersbeltet ved sjøen. Strandsona er definert som eit område av nasjonal interesse som det skal takast omsyn til ved all planlegging.
• Miljøvernministeren ynskjer å innskjerpe dispensasjonspraksisen jmfr. rundskriv av 8.3.02. Jmfr. dessutan FRIDA og EDNA i ei handheving av deleforbodet i 100-metersbeltet
Allemannsretten
• Oppsetting av stengsler/gjerder og fareskilt som vil måtte kome i høve industriområda
er eit brot på Allemannsretten jmfr. Friluftslova paragraf 13.
Noreg som miljønasjon (Soria Moria Erklæringa)
• Noreg skal bygge sin miljøpolitikk på prinsippet om bærekraftig utvikling, som rommar eit krav om solidaritet med kommande generasjonar nasjonalt og internasjonalt.
• Miljøvern handlar om å forstå at ressursane på jorda er avgrensa.
• Miljøpolitikken i Noreg skal bygge på føre –var – prinsippet som seier at tvilen skal komme naturen til gode
• Oppretthalde naturmangfald og kulturlandskap
• Allmenta sin tilgang til naturopplevingar i Noreg er utgangspunktet for mange si naturglede og miljøengasjement, og skal sikrast.
• Stadig færre område i Noreg er urørte av tekniske inngrep. Vi må gi sterkare vern av område og naturkvalitetar som også våre etterkommarar har rett til å oppleve.
• Friluftsliv er ei kjelde til livskvalitet, rekreasjon og betre folkehelse

Utsikt frå Toreheia til Alden og Atløy. Toreheia er i Regional plan for vindkraft klassifisert til å ha lite konfliktpotensiale knytt til landskap og friluftsliv…. Foto G.Skaar.
Kommentarar
Frå nærleiken av Kendal i Lake District.
Du har to gode eigenskapar Gustav, du har eit brennande engasjement og er ein makalaust flott fotograf. For alt eg veit har du fleire, men desse har eg bite meg merke i.
Eg er nok ikkje så kattegorisk imot vindmøller som du. Eg har sett fleire stadar med vindmøller i Storbritania plassert i vakkert landskap, t.d i nærleiken av Aviemore i Highlands i Skottland og rett aust for Kendal i Lake District. Eg kan vel ikkje seia at dei er vakre, men eg kan heller ikkje seia at dei er stygge. Dei var mektige i kraft av storleik og den rolege gangen på bladi.
Eg ser naturlegvis at ein ikkje skal ha dei overalt, men ynskjer ein co2 reduksjonarer eg redd dette er ein av mange ting ein må godta. Og du argumenterar litt i mot deg sjølv når du hevdar at dei både øydelegg urørd natur og reduserar verdien av bustadar.
For meg vil desse vera eit teikn på at det er folk og rein verdiskaping i distrikti når eg ser dei. Og når ein ser kva ein elles set opp i verdfulle naturområde, som til dømes dei fullstendig uhyrlege lyseblå tannkostane i syttitalsstil “designa” av Transplant og sett opp Anne Rudsengen som infotavler i t.d. Fjærland, kan eg ikkje seia at dette er skjemmande. Moderne desing og arkitektur i naturområde er for meg mykje meir skjemmande enn ei vindmølle.
Eg ynskjer vel mest mogeleg av vindkraftproduksjonen lagd til havs. Men sjølv der er det jo konfliktar. Så kva skal ein då gjera om ein ynskjer å redusera utsleppi av co2? Eg er redd at det mest logisk på papiret, å redusera forbruket av energi i samfunnet, er det eg har minst tru på vil skje.
Takk for kompliment Knut!
Etter mitt syn har vindmøller ingenting med co2 reduksjonar å gjere, men veldig mykje med økonomi og subsidiar å gjere. Bygging av vindturbinar fører faktisk til ein auke i co2 utsleppa, fordi meir straum inn på marknaden fører til auka forbruk av energi, varer og ressursar. At ingen ser at det er veksten i energiforbruket, veksten i forbruket og veksten i økonomiane som øydelegg kloden, finn eg underleg.
Vindkraft er populisme. Skapt for å gjere energiselskapa og aksjonærane rikare. Med god hjelp av eit solid sugerør inn i statskassa. (Ein vil få meir utbytte energimessig av å ruste opp eksisterande kraftverk og anna energiøkonomisering enn all planlagd vindkraft). I siste omgang er det eg og deg som må betale på straumrekninga vår det desse selskapa tek ut i sine utbytte. Når i tillegg slike gedigne industriområde fører til ei fullstendig rasering av verdfull kystnatur, burde det vere opplagt kva folk burde meine om dette.
Elles finn eg gode nok argument for mitt syn i arbeidet eg har gjort ovanfor.
Me er i grunnen ikkje så veldig usamde Gustav, men eg trur me har litt ulik tiltru til kva endringar ein kan få til. Eg er heilt samd med deg i at det er den stendig auka etterspurnaden etter energi som er det største problemet. Likevel er eg av den trui at det er raskare å få til endring ved å leggja om til andre og meir miljøvenlege energiberarar enn å snu kravet om meir energi. Det er nok eit langsiktig arbeid der ein må gå inn med tunge økonomiske verkemiddel.
Problemet mitt med økonmiske verkemiddel er at dei råkar ofte feil. Det er ingen vanskar for ein rik person i sentrale strok å både finna alternativ evt å kjøpa seg vekk frå problemet. Om ein er busett i distrikti med meir normale løner vil rett og slett ikkje alternativa vera like enkle eller økonomisk overkomelege. Dette må ein finna løysingar på, kan ein tildømes diffrensiera økonomiske verkemiddel etter geografi?
Du argumenterar i og for seg godt. Men som eg peika på er det nokre hol der etter mitt syn. Det er nok og i mine augo noko bombastisk å kalla det for fakta når ein så einsidigt argumenterar mot. Det er slikt som gjev ein dårleg start om ein ynskjer andre syn til å lesa med ope sinn.
Ha ei framleis god helg og ta gjerne meir bilete.
Gustav! Eg må be deg komme med argument som ikkje motstrider seg sjølv.
Du skreiv i starten: • På grunn av den svært kompliserte konstruksjonen i ein moderne vindturbin, får ein ikkje sjeldan havari på utstyr. Og då har det ofte vist seg at det er den mest kostbare delene som havarerer, nemleg girkassa som utgjer ein vital del av anlegget.
Og lengre nede under arbeidsplassar: • Vindturbinar er nærast vedlikehaldsfrie (utan havari) inntil 20 års levetid.
Kva argument vil du stå fast ved?
Eg kan ikkje i min villaste fantasi tru at dykk som argumenterer mot vindkraft, berre tykkjer det er negative sider med vindmøller. Alt har både negative og positive sider med seg. slik må det også vere med vindmøller. Kvifor ellers er det vindmøller andre stadar i verden??
Eg er nok ikkje so vidsynt og belest på emnet som dykk, men spør likevel?
Ein annan ting er at dersom ein skulle kunne leve heilt og holdent etter dykkar argumentasjon og retninglinjer, korleis har du då kunne tillate deg å køyre bil, sitte og nytte pc, mobiltelefon, ha elektrisitet i hus, ete foredla mat, osv? kva med forureining/prossessar då?
Vi kan ikkje kvele alt som har med utvikling å gjere. Det er vorte strengare og strengare krav i samband med prosjekt no, i forhold til tidlegare. sjå bare på vegutbygging, og pussinga langs med skråningar og skjæringar. Vasskraftutbyggingar, og kor synlege inngrepa i naturen er no i forhold til før.
Takk for kommentar Dag T. H.
Eg er einig at det var litt klønete skreve. Men det første argumentet går på havari og det andre på vedlikehald (altså utanom havari) og det er ikkje heilt det same. Det var iallefall det eg var meint å skrive, og har retta det no. Mehuken fekk forøvrig skade på ein turbin under Dagmar.
Som sagt er det veksten i energiforbruket, veksten i økonomiane og det aukande forbruket av ressursar som etter mitt syn tek knekken på kloden. Vindkraft fører til meir energi, meir forbruk og auka utslepp. Det vil ikkje seie det same som at vi menneske skal gå tilbake til steinalderen i måten å leve på.
Kva som er fint å sjå på eller ei, blir forøvrig alltid opp til auga som ser.
I Regional plan for vindkraft er det føreteke analyse av 9 potensielle industriområde for vindkraft i Askvoll. Dette er Eitrenipa, Indrevågefjellet, Toreheia, Portafjellet, Moldura, Atløy, Gjelsvikefjellet, Steinheia og Hekkelfjellet. No veit eg ikkje kor kjend Dag T.H Eriksen er i desse fjellområda, men hvis han ville peike ut sin favoritt for ei utbygging kunne det vore interessant å vite. .
Gustav! Havari, kjem som oftast av manglande vedlikehald. Får utstyr vedlikehald, så held som oftast ting. Energiforbruket har gått opp, spesielt innanfor industri og næring, men også i privathushaldningar. Det er meir forbrukarar i husa, og dermed auka energiforbruk i samband med dei. Paradokset er at no er bustader og bygg, betre isolerte enn før???.
For meg verkar det som du spesielt tek føre deg kun ulempene, men ikkje fordelar.
f.eks: sysselsetjing og arbeidsplassar i samband med bygging og drift. Auka kunnskap og spesialkompetanse i samband med fornybar energi. Her må eg nevne betre aerodynamisk utforming, slik at ikkje ein får f.eks vibrasjonar overført mot bakken, som har vert nevnt som eit argument som påverkar dyrelivet, og igjen plantelivet og opptak av CO2.
I samband med friluftsinteresser, er det små barrierer, men enklare tilkomst, pga veg til anlegget. Folk som ellers ikkje ville klart å gå på fjelltur, gjerne pga alder og dårleg balanse, vil helst gå på flatt underlag som på ein veg.
Forureininga frå både drift/reparasjoner/servicebygg/trafo som du også har argumentert med, er no vel underlagt norsk lov og forureiningstilsyn som andre verksemder her i Norge.
Ta f.eks Toreheia. Kor synlege ville desse vindmøllene vere for dei som bur på veg mot staveneset, eller dei i sjølve Stongfjorden?
Tenkte berre som eit eksempel.
Folk bur gjerne på avstand synsmessig og høgdemessig. Tenkjer då også på markeringslyset, skyggekastinga og refleksjoner.
I samband med TV-serien som Dag Lindebjerg hadde no i haust, (trur den heitte Kysten vår, eller noko liknande), var han innom ein vindmøllepark, der det er mykje folk som nyttar vegen til trim o.l. Det var eit bygg oppsett der også. Eg synast faktisk det var ganske bra korleis det var der. Ho som var intervjua der var positiv opp i det heile.
Nei, vi bør ikkje konsekvent svartmåle utan å kunne sjå saker frå fleire sider, for ei sak har både negative og positive sider. Alt etter kva auge som ser.
Eg har ikkje gjort meg opp ei meining om ein favorittstad å byggje ut, for det er uvesentleg for diskusjonen, og eg treng difor ikkje å gå nærmare inn på det.
Eg tenkjer mest generelt.
Du har vel gjerne sjølv sett deg opp liste.
Ein fordel for Askvoll kan faktisk vere at Lutelandet har fått konsesjon. At NVE vil godkjenne eit nytt industriområde for vindturbinar på denne sida av fjorden tykkjest difor noko usannsynleg. Iallefall hvis ein tek i betraktning kor langt ein er komen med prosjektet på Gulesletten i Flora, og når ein veit at både Gulen og Solund ligg føre i turbinløypa langs kysten, kan det godt hende vi blir forskåna for dette i vår kommune.
Sidan det til denne tid heller ikkje er førehandsmeldt noko prosjekt, klarar ein truleg heller ikkje fristen for dei grøne sertifikata. Pr i dag er det difor temmeleg usannsyleg at det skulle dukke opp eit nytt prosjekt i vår kommune. SLik eg ser det….