Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 21. juni 2010). Les mer om roperten…

Båttur. Sightseeing. På Dalsfjorden, Vikingfjorden.

Laurdag 15. mai 2010 til tysdag 31. august 2010, Dalsfjorden. Askvoll, Fjaler, Gaular.

Veit du at kvar dag kan du ta to båtturar på Dalsfjorden mellom Bygstad og Askvoll?
Turbåten er M/S Lady Christina.

Frå Førde, Gaular og Fjaler går båten frå Bygstad kl 13.50. Til Askvoll eller Dale.
Som dagstur må du planlegge buss eller bil tilbake.
Men du kan overnatte i Askvoll eller vest på øyane, Atløy, Værlandet og Bulandet.
Du kan legge inn tur med Øyhopping.
Turbåten kan du ta tilbake neste dag eller seinare.

Frå Askvoll og Fjaler går turen frå Askvoll kl 11.00 til Dale eller Bygstad.
Då passar det med dagstur slik at du etter ein time i Bygstad kan ta båten heim att.
Men du kan bruke tid i Gaular, Fossestien, Gaularfjellet, Storehesten, eller dra til Førde, handel og kultur.

Foto frå tur Bygstad – Dale HER
Foto frå Dalsfjorden på veg forbi Askvoll HER

Dette fortel Fjordkysten om turen:

Bli med på ei fantastisk båtreise på vakre Dalsfjorden – vakker og urørt. Du passerar m.a. den mektige Laukelandsfossen. Turen går frå Askvoll til Bygstad med stopp i Dale. Du kan ete lunsj på Tønna i Bygstad og returnere med båten. Om du vil kan du ta med deg sykkelen og sykle tilbake frå Bygstad.

SESONG: Dagleg, 15.mai – 31.august

Tider innover fjorden: Askvoll kl. 11.00 Dale kl. 11.55 Bygstad kl. 12.45
Tider utover fjorden: Bygstad kl. 13.50 Dale kl. 14.45 Askvoll kl. 15.45

For booking av båtbillett, ring M/S Lady Christina, Tlf: 40 05 22 61

Prisar Askvoll – Bygstad : V: 140,- (t/r 280,-) B/H: 70,- (t/r 140,-)
Prisar Askvoll – Dale : V: 70,- (t/r 140,-) B/H: 35,- (t/r 70,-)
Prisar Dale – Bygstad : V: 70,- (t/r 140,-) B/H: 35,- (t/r 70,-)

Er det 2 personar som reisar i følgje og skal reise tur/retur Askvoll-Bygstad betalar dei kr. 420,-. Dei får altså ein turbillett i rabatt.

Du kan også ta turen frå Oslo eller Bergen. for meir informasjon og booking om desse turane: www.fjordtours.com

Velkomen til ei fantastisk båtreise innover Dalsfjorden!

Vist 142 gonger. Følgt av 2 personar.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray