Båttur til AldenSøndagar i juli, og 8. august og 15.august i Dalsfjordveka vil Askvoll Fjordhotell sin båt M/K Lauvanger gå turar til Alden. Turen startar frå Askvoll kl.11.00. Dagsturen til Alden tek 5 -6 timer, der du har tid til ein fin fottur til toppen av Alden. Informasjon og påmelding til Askvoll Fjordhotell v/ Anne Grete Tefre tlf. 57 73 35 35.
Skjærgårdstreffet 2010I år som i fjor arrangerer Askvoll og Holmedal Idrettslag – i nært samarbeid med Askvoll sentrumsgruppe, det tradisjonsrike Skjærgårdstreffet. Ein bygger vidare på konseptet og har endå meir preg på skjærgård både på land og på sjø. Vi ynskjer både fastbuande og tilreisande velkommen til eit tre dagars arrangement midt i sentrum av Askvoll, og sjølvsagt vert det heile helga eit yrande folkeliv og masse båtar. Og du skal ikkje bekymre deg for været. Det er bestilt for lenge sidan – sol og varme som det pleier vere, og Skjærgårdstreffet 2010 vert ei oppleving du seint vil gløyme. Fredag 16. juli er borna sin store dag. På Øyra og i nærområdet vert det mange ulike sommaraktivitetar både på sjø og land. Laurdag 17. juli er hovudarenaen på sentrumskaia med aktivitetar og konkurransar for både små og store land- og sjøkrabbar. Søndag 18. juli er det klart for eit av fylkets største veterankøyretøyparade. Dette er ein populær parade med staselege køyretøy frå fjern og nær. Både laurdag og søndag vert det stands, oppvisningar og variert sceneunderhaldning med sang og musikk. Set av helga og velkommen til fastbuande og tilreisande og opplev det yrande folkelivet på det tradisjonsrike Skjærgårdstreffet. Her vert det liv og røre i tre dagar til ende. PROGRAM: Fredag:
22:00 – 02:00 Dans på Askvoll Sjøbuer med ”Vi3” og på Askvoll Fjordhotell ”Yankee”. Laurdag:
Redningsselskapet stiller med Elias-båten og redningsskøyta Utvær.
12:00 ”To Vise Menn” v/ Ketil og Anthony.
22:00 – 02:00 Dans på Askvoll Sjøbuer med ”To Vise Menn” og på Askvoll Fjordhotell ”Yankee”. Sundag:
13:00 Dansegruppa Prestige.
Kostymefølgje av Holmedal Ungdomslag.
Regional plan for vindkraftFramlegg til Regional plan for vindkraft er no lagt ut til offentleg ettersyn.
Fleire område i Askvoll er sett til å ha stort konfliktpotensiale med omsyn til eventuelle utbyggjingar, m.a. Atløy, Steinheia og Stavenesodden. Andre får middels karakter. Båttur. Sightseeing. På Dalsfjorden, Vikingfjorden.
Lørdag 15. mai til tirsdag 31. august, Dalsfjorden. Askvoll, Fjaler, Gaular.
Askvoll – Dale – Bygstad – Dale – Askvoll. Kvar dag i heile sommar til 31. august.
Frå Førde, Gaular og Fjaler går båten frå Bygstad kl 13.50. Til Askvoll eller Dale.
Frå Askvoll og Fjaler går turen frå Askvoll kl 11.00 til Dale eller Bygstad.
Foto frå tur Bygstad – Dale HER
Dette fortel Fjordkysten om turen: Bli med på ei fantastisk båtreise på vakre Dalsfjorden – vakker og urørt. Du passerar m.a. den mektige Laukelandsfossen. Turen går frå Askvoll til Bygstad med stopp i Dale. Du kan ete lunsj på Tønna i Bygstad og returnere med båten. Om du vil kan du ta med deg sykkelen og sykle tilbake frå Bygstad.
SESONG: Dagleg, 15.mai – 31.august Tider innover fjorden: Askvoll kl. 11.00 Dale kl. 11.55 Bygstad kl. 12.45
For booking av båtbillett, ring M/S Lady Christina, Tlf: 40 05 22 61 Prisar Askvoll – Bygstad : V: 140,- (t/r 280,-) B/H: 70,- (t/r 140,-)
Er det 2 personar som reisar i følgje og skal reise tur/retur Askvoll-Bygstad betalar dei kr. 420,-. Dei får altså ein turbillett i rabatt. Du kan også ta turen frå Oslo eller Bergen. for meir informasjon og booking om desse turane: www.fjordtours.com Velkomen til ei fantastisk båtreise innover Dalsfjorden!
Miniputturnering på SandeNok ein gong var vèrgudane med oss på ei miniputturnering. Og på Sande i går kosa både voksne og ungar seg. Sjølv om det truleg vart meir baklengsmål enn mål i hin enden denne gongen, prella det av ungane som vatn på gåsa… Slik skal det sjølvsagt òg vere. Alvoret kjem alltid tidsnok – både i fotball som elles i livet. Vedlagt nokre foto frå dagen. SFE overtek fallrettar i Øvre FossedalenSogn og Fjordane Energiverk planlegg vidare kraftutbyggjingar i Skorvavassdraget. Søknaden er enno ikkje klar, men trulig omfattar “Fessene” utbyggjinga Grunnevatnet, Leknesvatna og Stordalsvatnet. Og 1-3 nye kraftstasjonar er tenkt bygt. Som vi veit er fjellområda på Askvollhalvøya frå før sterkt prega av utbygggjingar, og kommunen er storeksportør av kraft. Korleis naturen, vatna og fjella vil sjå ut om SFE får det som dei vil, kan ein berre førestille seg. Men det krevst ikkje store fantasien til å skjøne det når ein ser korleis vatn, vegar, røyrgater, nedtappingar, erosjon og biologi ser ut frå før…. I denne strategiprosessen vil no SFE overta rettar i Øvre Fossedalen. Kva kjensler dette utløyser for spesielt Fjaler-folk er ein ting, kva konsekvensane blir ein annan. Iallefall er det stor fare for at mykje av dei vesle lommane av urøyrt vatn som ligg att kan bli teke frå oss og komande generasjonar i dragsuget etter meir kraft. Det er å håpe at fleire som er glade i naturen rundt oss vil seie i frå at fleire nye utbyggjingar i dette området ikkje er akseptabelt. Denne oppmodinga går òg til dei styrande i Askvoll kommune. Nok er nok! Båtturist frå PolenI dag låg det ein kvit anonym båt i gjestehavna i Askvoll.
Folkemøte -kommuneplanenKommunen skal utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen, og treng gode innspel frå alle innbyggjarane. Invitasjon til folkemøte torsdag 3. juni kl. 17.45 på Askvoll Fjordhotell. Meir om dette og planprogrammet finn du på kommunen sine heimesider
No er det tid for å lage sjølve kommuneplanen. Kva vil vi med kommunen i framtida? Kva skal vi satse på? Tidspunktet er vald for at folk frå heile kommunen, òg øyane, skal kunne vere med. Det vert gratis skyssbåt ut til Værlandet/Bulandet etter møtet. På møtet vil alle velforeiningane i kommunen presentere utfordringar og framtidsønske dei har for bygda si. Kommunen vil ha ei kort innleiing med informasjon om kva ein kommuneplan er. Vi håpar innlegga frå velforeiningane vil få fart på tankane og idéane, slik at vi får ein god debatt med mange konstruktive innspel. Dalsfjordsambandet lagt ut på anbodStatens Vegvesen har i dag lagt ut anleggs- og bygningsarbeidet på Dalsfjordsambandet på anbod. Opning av kunstgrasbane i AskvollNokre bilder frå opninga av den flotte kunstgrasbana 2.Pinsedag… Barnas dag og planteloppemarked med hagelagetOnsdag 26. mai er det barnas dag i urtetunet hos Borgny. Laurdag 29. mai er det planteloppemarked ved Coopen frå 10.00-13.00. Les meir om aktivitetane på Askvoll hagelag Annonse | |||||||||||