Forum: Ope forum

Moldura

Har laga ein ny stillfim frå fjella i Askvoll. Denne gong ein haust/vinter kolleksjon frå Moldura. Dei fleste bilda er frå i fjor og i år. Ei slags oppsummering.

Haust og vinter er det som kjent lite lys. Somme bilder ber preg av litt støy. Bilda er dessutan tekne med lett Panasonic-kompaktkamera. Hugs HD kvalitet, stor skjerm og lyd.

Tidlegare publisert:

Eitrenipa/Leknesvatna
Dokka
Blegja
Heileberget/Fløyen
og
Toreheia

Leknesvatn-kraftverk får konsesjon

NVE har godkjent SFE sine planar om utbygging av Leknesvatn-kraftverk. Frå før er Grunnevatn-kraftverk vedteke bygd ut nedanfor. Politikarane i Askvoll har velsigna utbygginga i KOM-036/11 VEDTAK.

NVE sitt vedtak her:http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2012003015&dokid=82011&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Tidlegare publisert i saka: her, her, og her

Her skal det lagast sperredam og byggjast lukehus. Det skal borast tunnel ned til
Grunnevatnet. I framtida vil Ertrefossen bli nærast turrlagd heile året
(100 l/sek om sommaren og 25 l/sek om vinteren)

Ertrefossen

Begge foto G.Skaar

Flåten er kommt på plass i Smettevika.

No er flåten kommt på plass i Kyllaren og montering av pumpe er nær foreståande.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7944609

Lokal paparazziaktivitet i Askvoll?

Fotografering er blitt ein vanleg hobbyaktivitet også i Askvoll. Dagens fotoutstyr har medført at sjølv reine amatørar utan særleg røynsle kan ta og publisere fine bilder.
Nokre(mange?) har skaffe seg topp proff. utstyr med telelinser o.a. spesialutstyr.

I Askvoll har Steinar Bauge og Oddgeir Askevold, m.fl., i særleg grad merka seg ut med mange fine bilder som er publiesert på t.d Origo, Vestlandsrevyen og andre stader. Bileta har vore positive bidrag for profilering og bevistgjering av naturkvalitetar i kommunen. Dette er positive sider ved denne aktiviteten.

Slik eg ser det har dette også negative sider.
Sjølv opplever eg ubehag ved tanken på at lokale paparazzirer lurer rundt både på sjø og land.
Noko av fridommen og gleda ved å ferdast i naturen er belasta av dette og denne aktiviteten.
Fleire har hurtiggåande båtar, og kan dukke opp nermast kvar som helst med sine “spionkamera”.

Er privatpersonar, meg og mitt, fritt vilt i denne samanheng? Er det lov og fritt fram å fotografere privatpersonar utan samtykke frå offeret?

Askvoll kyrkje 150 år i 2013.

Kva kan vi få gjort med Askvoll kyrkje? 150 år i 2013.

Alle er velkomne til opa samling i kyrkja

Måndag 16.april kl. 19.30.

Plannemnda legg fram planar for rehabilitering av kyrkja til jubileet. Vi er opne for innspel.

Innsamlinga til arbeidet held fram. Konto 3705.19.79754 Rehabilitering Askvoll kyrkje.

Plannemnda

- Gruvedrift vil drepe fisken

ILLUSTRASJONSFOTO: Slik kan eit eventuelt sjødeponi i Førdefjorden bli sjåande ut, dersom Nordic Mining får løyve til gruvedrift med avfallsdumping i sjøen. Foto: Asplan Viak

Statleg institutt meiner vi veit for lite om følgjene av gruvedumping i sjø

- Det er ein tankekross at det vert planlagd fjorddeponering av store mengder giftige massar samstundes som Klima- og forureingsdirektoratet (KLIF) sler an at det vil koste mange milliardar kroner å rydde opp i gamle miljøsynder i fjordane, skriv forskaraen Guldborg Søvik, Terje Van der Meeren, Sonnich Meier og Vidar Wennevik i Havforskingsrapporten 2012.

Les her

Bildespesial Dalsfjordbrua

“50 slovakiske arbeidarar er med på å byggje dei 99 meter høge brutårna til Dalsfjordbrua. Her kan du få eit lite innblikk i arbeidskvardagen og fritida deira”.

Sjå bilder frå FIrda her

Snøforhold ved Nipebu til påske

Snøforhold i Nipebutraktene i slutten av mars. Langevatnet og Nipebu midt i bildet.

Vedlagde bilde frå Eitrenipa lørdag 24/3 viser snøforholda ved Nipebu til påske. Det minkar på snøen. Frå nordsida og Markavatnet må du nesten gå til Fossedalshengenipa (skaret) for å finne skiføre. Det er bart heilt til Krokavatnet. Eg gjekk både Leknesvatna og Krokavatnet på laurdag og isen held her endå. Det gjer han truleg på Nipevatnet og Langevatnet òg til påske, men ver obs.

God tur og god påske.

Gruvedrift i Engebøfjellet

Klifs vurdering og anbefaling: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2012002092&dokid=80661&versjon=1&variant=A&ct=RA-PDF

Direktoratet for Naturforvaltning – Reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommuner-høring i innsigelsessak: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2012002089&dokid=80657&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF

Havforskningsinstituttet – Faglig innspel: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2012002131&dokid=80739&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF

Fiskeri- og kystdepartementet – Faglig innspel: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_askvoll/wfdocument.aspx?journalpostid=2012002130&dokid=80737&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF

Kvammen og Rørvika er nabo til Engebøfjellet. Foto G.Skaar

Ynskjer du å ete meir fisk

Etter mykje arbeid og store investeringar er Korken Fisk DA klar til å ta imot gamle og nye kunder i lyse og flotte lokaler. Heile det gamle naustet er renovert og det er laga eit eige rom for behandlig og produksjon av fisk og fiskemat og dette er godkjent av mattilsynet.

Dei har investert i 2 mindre frysarar og eit stort fryseskap for å ta vare på fisk og fiskemat på beste måte.

Har du tid og vil slå av ein prat og kanskje få tips om bruk av fisken du har kjøpt så har dei og eit flott “kvilerom” der det går an å sette seg ned ei stund.

Vareutvalget er for tida eit rikt utvalg av frysevare og du kan få kjøpe dei fleste vanlege fiskeslag og fiskekaker no, seinare vil dette og verte utvida med ferskvare.

Biletserie med 10 bilete — bla med å trykkje på pilene

Ynskjer du å kjøpe noko frå vareutvalget så er det berre å komme innom Korken, men det beste er å ringe slik at du er sikker på at det er folk som kan betjene deg når du kjem.
Ring Willy på Tlf. 90835615 eller Stig på Tlf. 95742131

Har du ikkje fått billett

Det er ledige billettar til Torsdag 29.03.12 med OLE PAUS i Hønsehagen vinkjellar.

Ring Synne på Tlf.92892969 og få med deg ein flott artist og musiker.

I løpet av en konsert med Ole Paus får du i tilegg til de kjente sangene, opplevelser fra drøyt femti år på jorden og tredve år på veien i en blanding av poesi, satire og stand up.
Ole Paus er som kjent en magiker til å ta tak i det aktuelle publikum og kaste et nytt og annerledes lys over dagen i dag og det aktuelle stedet vi befinner oss på.
Historiene treffer deg enten de blir fortalt i røyk og damp på en kneipe, fra konsertscenen i et kulturhus, fra TV-skjermen eller fra prekestolen i en kirke

Mange av Ole Paus viser har vist seg for sterke for offentlig utgivelse, men det hindrer ham ikke å fremføre dem når han står på scenen- til stor glede for hans stadig større publikum.
Ole Paus har vært en av Norges mest fargerike artister i mer enn 30 år. Gjennom en lang rekke plateutgivelser, revyer, bøker, TV- programserier og konserter har han slått rot i folkesjelen som en av våre mest kontroversielle og folkekjære artister. Som plateartist er Ole Paus i en særstilling her i landet. Hans ca. 30 plateutgivelser spenner fra den råeste og muntreste satire i Paus-Posten 1-4 (”En orkan av moro” – Arne Hestenes) via vare og medmenneskelige bekjennelser (” Vår første og største rocke-poet” – Fredrik Wanderup ).

Når Ole Paus legger ut på veien, inviterer han publikum til et møte med hele hans mangesidige begavelse. Humor, poesi, råskap, ømhet, sylskarpe kommentarer og upassende omfavnelser, – kort sagt alt dette uforutsigbare som gjør ham til Ole Paus, – den eneste av sitt slag.
Her får du låtene: I en sofa fra Ikea, Jeg er ikke redd mer, Vi over lever alt, Nå kommer jeg og tar deg, Ikke gjør som mora di sier, Chilentina, Masjæn og Påsjen, Den tøffeste gutten i himmelen, Alt var mye bedre under krigen, Stjerner i rennesteinen og mange, mange flere…

Inspirasjonskveld 15. mars

Askvoll Næringsutvikling og Omstillingsorganisasjonen i Askvoll kommune inviterar næringslivet, politikarar og alle andre utviklingsinteresserte til INSPIRASJONSKVELD på Askvoll Fjordhotell torsdag 15. mars.

Kvelden startar kl 17:30 med årsmøte i Askvoll Næringsutvikling , så middag og andre innslag.

Grunna matservering ber vi om påmelding snarast og seinast innan 13. mars til britt.hansen@askvoll.kommune.no Pris: kr 260 per person
Program

Annonse