Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 26. august 2010). Les mer om roperten…

Flotte skuter!

Bilde er tatt under Fjord Steem helga i Florø.
Foto: Liv Lien

Vist 278 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Ja det var eit fantastisk syn, både dei staselege seglarane og dei vakre gamle rutebåtane. Sjølv fekk eg være med Oster frå Soleibotn til Florø og det var ei stor oppleving.

Legg spesielt merke til dama i baugen som set og strikkar over stavfjorden

Og her kjem deler av konvoyen frå nord i møtings med oss i Nærøyosen

og her er Lille Torunen i Hinnøyosen

Tusen takk for kommentar og bilder med mange fine og artige detaljer, Gunnar:)
Kjekt at du Gustav også likte bilde frå det våte element:)
Det var eit flott opplegg i Florø med mange fine båtar. Alt fra den flotte og godt vedlikehalden Sandnes til den gamle og ærverdige Stavenes med mykje godt arbeid i vente i lange tider.
Eg var ikkje med på båtturer, men eg stod på kaia fredag ettermiddag då alle båtane kom inn etter turar med passasjerar i området. Det var artigt. Mange inntrykk både å sjå, kjenne lukta av diesel og høyre lyden av motorane. Mest som i gamle dager då vi gjekk “til båten” i Stongfjorden og såg på folk som kom og reiste. Det var eit fast rituale ( er det blitt meg fortalt:-) for posten som skulle sendast og hentast. Sist men ikkje minst dyra som vart heisa opp i selar og sent av gårde, som oftast på si siste reise. Fantastiske minner…..;)

Har også høyrt at det var stor samling av båtar og mange støyt i fløyter utfor Staveneset torsdagen då dei var på veg til Florø. Dette var ein flott opplevelse og vart sett stor pris på av dei som bur der ute.

Eg var no på kanonbåt i marinen vel eit års tid Liv…så eg kjenner no sjøen litt… og etter 3 månader der spydde eg heller ikkje lenger (det var tøffe tak mange gonger)….spesielt i Nord-Norge om vinteren…:-)

Men eg må innrømme at eg såg mykje i bakkant på alle desse flotte bilda òg…:-)

Her er nokre båtar eg såg i sommar…

:-)) Sjø og land er ein god kombinasjon det, Gustav:) Heldige er vi som har begge deler rundt oss….og har anledning til å bruke det!
God helg og fine turar til deg og Gunnar :))

Å,…. dette var flotte bilder, tipper det er fra varmare strøk :))

Takk Liv (var litt vanskeleg lys…)

Ja, eg likar meg godt i Tyrkia. Det er godt å prøve litt nye vegar òg….
God helg sjølv!

Mange vakre skuter å sjå på veg til Florø, som manskap på ei av dei var det ein opplevelse heile vegen.

Det var sikkert ein fin tur:)
Dette må vere CARDINAL ? Såg den berre uten segl, men det var ein fantastisk flott båt!

Så kjekt Svanhild at du likte bilda av desse flotte båtane :-)

Flotte bilder Liv av vakre båtar. Der skulle eg ha vori, men kansje dei kjem tilbake til neste år.

Takk for det Steinar:) Det er mykje som skjer på ein gang nå om sommeren, så det er ikkje lett å rekke over alt:) Du får satse på neste år…..

FLOTT bildeserie frå Fjordsteam 2010.

Takk for kommentar Njål, reknar med du har nokre fine eksemplar du også :))

Liv L. sine bilder (7 bilete)

 

Biletsamlinga (1034 bilete)

 

Andre bildealbum