![]() BygdafolkLett avslappa sat desse karane i lè av varden på Blægja då vi kom opp over kanten frå Rørvika i dag…:-)
![]() Skavlen på BlægjaFor interesserte fjellvandrarar ser toppartiet av Blægja slik ut
16/5 frå vest. (Bildet er “dradd ut litt” i 16:9 formatet og virkar litt "forflata"). Skavlen kan framleis vere litt tricky pga skaren…
![]() Kristi HimmelfartsdagSpesiell morgonstund på Dokka i Holmedal denne morgonen. I skiftande skydekke, skoddedottar og sol… Som eit lite naturens underverk… Vi ser Dalsfjorden t.h.
![]() LagunarLeknesvatna renn ut i vest i fleire små fossefall, avsatsar og lagunar før det stuper utfor hammaren og renn vidare mot Markavatnet…
![]() Kvammen 1976Dette biletet vart teke då Fylkesbåtane enno hadde stopp i Kvammen. Vågsøy ligg ved kaia. Huset på kaia, der Stubhaug hadde landhandel, brann 1978. Dei bygde oppatt på Ålahøgda 1979. Då vart og Folkelånsvegen opna og Fylkesbåtane la ned Kvammen som stoppestad.
| |||||||||||