Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord. Kommunen hadde ved siste telling omlag 3100 innbyggere fordelt på 326 kvadratkilometer. Høgste fjell: Blægja 1 305 m. Alden 481 m, kjent fjell/seglemerke, også kalla Den Norske Hest. På øyane Bulandet-Værlandet ligg eit av dei mest livskraftige fiskeværa i landet. I den gamle industribygda Holmedal er fabrikkar for teglstein, ullvarer, margarin og brus avløyste av moderne industri. Frå Rivedal reiste den første nordmann til Island. Frå Askvoll kom fylkets første store biletkunstnar og landets første folkevalde stortingspresident.
Vi har levande bygder med engasjerte menneske som vil det beste for heimstaden sin. Dei bidreg til det gode liv med ei dugnadsånd utan sidestykke gjennom eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar.
I Askvoll lever vi nær dei store naturopplevingane både på land og sjø. Ein fjelltur på Blegja på sørsida av Førdefjorden eller ein tur på Alden som stig rett opp av havet, gir deg vidt utsyn over verda.